MIRAKEL av R.J. Palacio

Har du lyst å lesa ei annleis bok? Føler du deg annleis enn andre? Har du lyst til å lesa ei annleis bok om ein som er heilt heilt annleis enn alle andre du har «møtt»?


Les om August!
«Mirakel» handlar om August, som er 10-11 år. Han er fødd med ei misdanning i ansiktet. Det er på grunn av ein genfeil. Og det er tragisk.
Me får ikkje vita korleis Auggie (som han vert kalla) eigentleg ser ut, berre at han er svært annleis enn alle andre. Han omtalar segsjølv som eit misfoster på dårlege dagar. Uansett kva du ser for deg, er det verre, seier han.
Og det må det vera! For sjølv om me ikkje får vita korleis han ser ut, får me vita korleis folk reagerar når dei ser han. Med redsel, skrik, avsky, kvalme, panikk…
Stakkar Auggie!
Han har gjennomgått 27 operasjonar til no i sitt korte liv. Av den grunn har han ikkje gått på skule, men fått heimeundervisning.
No skal han byrje på ein vanleg skule. Han er livredd!
Men det trur eg nok både lærarane og medelevane hans er også….
WOW for ei bok!
Denne gav meg verkeleg mykje å tenka på. I «Mirakel» er det fleire forteljarstemmer. I tillegg til August, får storesyster og fleire venner fortelja korleis dei opplever det. Dette er verkeleg tøft. EI knalltøff bok! Men den er ikkje sentimental. Eg måtte ikkje gråta….eg måtte berre tenka!
Utsjånad HAR mykje å sei…eller?

LES! Les! Den er god og viktig! Sjølv om det er ei nokså tjukk bok, går det raskt å lesa den. Enkelt og greitt. LES, MIN VENN!

Skitten snø

Spennande ungdomsroman frå norsk-pakistansk miljø i Oslo!

Å lesa «Skitten snø» var noko heilt nytt. Det gjekk verkeleg opp for meg kor lite eg veit om andre miljø enn mitt eige…

Sumera går siste året på vidaregåande og jobbar på BurgerKing for å få litt ekstra lommepengar. Ho har streng familie og dei forventar at ho kvar kveld er heime kl 20 og at ho held seg langt unna gutar/menn. Brødrene er overbeskyttande og tantene er forvitne.

Jamal jobbar som vekter på senteret der Burger King er. Dei to legg merke til kvarandre. Sumera tenker mykje på Jamal. Han er så vakker og mandig. Ho passar på å ha vakt i kassen på det tidspunktet ho trur at han har pause.
Charlotte jobbar også på Burger King. Ho er blond og vakker, og oppfører seg rart. Ho prøver å få Sumera vekk frå kassen når Jamal er i nærleiken. Sender Sumera på bakrommet for å tømme søppel etc. Ho er verkeleg sjalu fordi Jamal ser på Sumera og ikkje henne…

Ein dag Sumera avsluttar arbeidsdagen etpar timar tidlegare enn vanleg, er Jamal på pletten. Han tilbyr henne skyss heim. Vanlegvis ville ikkje Sumera vurdera eit slikt tilbod eingong. Men denne dagen er ho ekstra sliten og dessuten er det Jamal ho har drøymt om…ho tek eit langt steg over sine eigne grenser og set seg inn i bilen hans. Først syns eg dette var så fint og romantisk å lesa om, men plutseleg fekk eg ei heilt anna kjensle, og når Jamal tilbyr henne litt doven brus, ropa eg «Nei, ikkje drikk det! Ikkje drikk det!»  (ja, eg vart engasjert…)

Sjølvsagt drikk ho.  Sjølvsagt vert ho dopa. Sjølvsagt vert ho voldtatt….han mishandlar henne og tek grusomme bilete av ho, så truar han henne på familiens ære. Ho sit i saksa…

sukk!(Det var her det gjekk opp for meg at det kanskje må vera ganskel «enkelt» å koma unna med valdtekt innan dette miljøet. Sumera hadde jo gått inn i bilen av eige val! Ho kom til å få skulda sjølv!? Ho kan ikkje snakka med nokon om dette.)

Sumera har heldigvis to nære og gode veninner. Mest som systre. Dessutan dukkar Charlotte opp… Det viser seg at Jamal har dopa og voldteke henne tidlegare. Det var derfor ho ville ha Sumera vekk frå han. For at han ikkje skulle lure henne og.  Jentene finn saman og gjer sitt beste for å støtta kvarandre

Og det er no det byrjar.  Action og spenning, folkens! Desse fire jentene knyter sterke, sterke band. Boka er spekka med redsel, hevntankar, vennskap

LES, folkens! LES!

The Floating Islands

The Floating Islands by Rachel NeumeierTittel: The Floating Islands
Forfattar: Rachel Neumeier

Forlag: Alfred A. Knopf
Sider: 388
Først utgitt: 2011

Sjanger: Fantasy

Kort samandrag: Trei har nett mista heile familien sin og reiser til The Floating Islands for å bu hjå onkelen sin. Kort tid etter at han kjem dit bryt det laus sjukdom og mange på øyene dør. Så blir øyane angripe av nabolandet, Trei sitt andre heimland Tolounn. Både Trei og og kusina Araené endar opp med å få viktige rollar i forsvaret av øaene. Trei flyg på vinden med sine kajuharivinger og Araené må bruke sine nyoppdaga magiske krefter.

Eg må tilstå at hovudgrunnen til at eg valgte denne boka var at eg elska omslaget. Skulle gjerne hatt det som plakat på veggen.

Eg likte heldigvis boka ganske godt og. Det er ei fantasybok med ei forteljing som har ein del unike innslag samtidig som den heldt seg trygt innanfor den velkjente fantasyoppskrifta. T.d. likar eg godt at boka tar opp mange moralske problem i ein krigssituasjon, utan at det er nokon som blir ståande igjen som superskurk.

Dei flytande øyane virkar som eit hyggeleg og fredeleg samfunn, men det er og eit samfunn som ikkje let kvinner ha noko sjølvstendig liv utanfor heimen. Kvinner skal gifte seg og få barn. Tolounn har eit litt meir likestilt samfunn, men er til gjengjeld svært så opptatt av å legge alle naboland under seg. Så ingen av landa er perfekte men heller ikkje berre ille.

Historien blir fortalt frå både Trei og Araené si side. På denne måten kjem lesaren nærmare handling, og det kan vere greit sidan dei to ofte finn seg sjølv på veldig forskjellige stader. Du lærer også meir om kva som driv dei. Lojalitet er ei stor sak for Trei, han er av blanda blod og må bestemme seg for kva for land han skal vere lojal mot. Araené er ikkje interessert i eit tradisjonelt kvinneliv. Aller helst ville ho bli kokk, men det er umogeleg på øyane. Så kjem magi og trolldomsskulen inn i livet hennar og ho gjer seg ut for å vere gut for å få vere på skulen.

Elles så er det nokre ganske stilige dragar, nokre kule trollmenn, ein hyggeleg flygande prins og ein god del soldatar med sterke æreskodeksar.

Eg er likevel ikkje heilt overbegeistra for boka. Eg syns språket er greit nok, men heller ikkje meir. Bortsett frå Trei og Araené så føler eg ikkje at eg blir særleg godt kjent med dei andre personane i boka. Eg skulle og ønskje at boka var litt lenger, spesielt før krigen bryt ut. Boka følest også som om den burde vere nummer 1 i ein serie, men det ser iallfall førebels ikkje ut som om det er planen. Det blir for mange lause endar for ei enkeltståande bok, så eg trur eg hadde vore meir nøgd dersom eg visste at det ville komme meir informasjon i ei seinare bok.

Alt i alt så syns eg den er ei ganske god ungdomsbok, men ikkje strålande. Den tar ikkje av slik øyane, kajuhariane og dragane i den gjer.

Eg diggar framleis omslaget, trur ikkje noko kjem til å endre på det.