Juks : hvordan forskere svindler og hvorfor det ikke er så farlig…

Tittel: Juks : hvordan forskere svindler og hvorfor det ikke er så farlig…
Forfattar: Erik Tunstad

Sider: 276
Forlag: Humanist forlag
År: 2011

Vi veit at det er mange som juksar litt, eller mykje. Dessverre gjeld dette også forskarar, og dette fenomenet har Erik Tunstad latt seg inspirere av. Boka «Juks» handlar om tvilsam forskning gjennom fleire hundre år, alt frå store svindelsaker til det som blir kalt tvilsam forskningspraksis.

Han skriv lett og ledig om kvifor folk juksar, om kvifor andre let seg lure, om kjente historiske forskarar som fekk rett resultat men brukte metodar som ikkje hadde blitt godkjendt i dag, om meir eller mindre sløve medforfattarar og om varslarar (både dei som hadde rett og dei som ropte ulv, ulv…).

Eg syns dette var ei morsom og interessant bok, men eg skulle ønskje at forfattaren hadde valgt å gå litt djupare inn i nokre av dei mange historiane, spesielt der det viste seg at forskarane ikkje hadde gjort noko gale. I nokre av desse tilfella kom det ikkje klart fram kva som eigentleg hadde skjedd, berre at dei var blitt frikjendt for jukset dei var anklaga for. Syns og det var rart at den største falsk-anklagesaka som har vore i verda dei siste åra, den såkalte Climategate, ikkje var nemnt med eit ord.

Boka stoppar også ganske brått. Eg las ferdig kapittelet eg heldt på med og var klar til å halde fram med lesinga på neste side, men då var boka slutt. Ei lita oppsummering av heile boka hadde vore greit, no sat eg igjen og følte meg litt snytt.

Men, uansett så er dette ei interessant, lettlest og spennande fagbok om forskningsjuks. Den har også masse kjeldehenvisningar til vidare lesing for dei som blir ekstra interesserte i noko av innhaldet.

%d bloggarar likar dette: