The Night Circus

Tittel:The Night Circus (Nattens Sirkus) (Norsk utgåve er venta tidleg i 2012)
Forfattar: Erin Morgenstern

Forlag: Harvill Secker
Sider: 387
Først utgitt: 2011

Sjanger: Fantasy

Kort oppsummering: Historien om folka på og rundt Nattens Sirkus, det mest fantastiske sirkuset i heile verda og også åstaden for ein pågåande konkurranse mellom to mektige magikarar.

Du veit dei bøkene som du ikkje har lyst til å komme til slutten på fordi du har lyst til å halde fram med å lese dei? Dei bøkene som du prøver å lese sakte for å nyte dei betre medan du samtidig har lyst til å skynde deg for å finne ut kva som skjer? Dersom du er ein lesar, så har du nokre slike bøker i samlinga di. The Night Circus er ei av dei bøkene.

Eg elskar historien, den er annleis enn noko fantasy roman som eg har lest før.
Eg er forelska i personane, dei fleste iallfall.
Men, mest av alt er eg forelska i språket. Det er drømmeaktig og hypnotiserande, heilt perfekt for ei forteljing om eit magisk sirkus (og folka på og rundt det) som berre er ope om natta.

Den norske utgåva er venta i januar 2012. Dersom omsetjaren har greid å ta vare på Erin Morgenstern sitt magiske språk så kan de alle gle dykk.

Erin Morgenstern les frå The Night Circus.

%d bloggarar likar dette: