Naken i hijab – Gunn Marit Nisja

Har du nokon gong drøymd om å reise langt vekk for å oppleve ein annan kultur?

Live reiser på ferie til Egypt saman med ei god venninne Maren. Denne ferien har dei sett fram til i lang tid, og ferien vert heilt spesiell for Live. Dei to venninnene er  opptekne av den egyptiske kulturen, og Maren synest historia er veldig interessant. I Luxor får venninnene hjelp av lokale Kareem til å finna fram blant attraksjonane. Før dei  dreg heim får dei til og med koma heim til familien til den lokale egyptaren. Det egyptiske levesettet fascinerer jentene. Familien er den sentrale institusjonen. Og det vanlege er at storfamilien lever saman heilt til døden. Borna må ut og tene pengar frå dei er om lag 8 år. Ulikt her heime i Noreg der me er sjølvstendige individ og kan ta eigne val. Live vert forelska. Ho får ikkje nok av den eksotiske Kareem.  Før Live og Maren dreg heim lover Live å halda kontakten.

Vel heime att tenkjer Live berre på den fantastiske Kareem  dei møtte i Luxor. Han var så mild og hjelpsam, så vakker. Ho har alltid telefonen for handa, og heite tekstemeldingar og telefonsamtaler vert høgdepunkta i kvardagen. Etter nokre veker bestemmer dei seg for at Kareem skal koma til Noreg på vitjing. Ah, Live gler seg heilt enormt. Ho kan ikkje vente. Tenk på alt ho skal vise han.

På stampuben, med årets første utepils i handa bestemmer Live seg for at ho skal røpe hemmelegheita for Maren.   «Hugsar du Kareem frå Egypt? Han kjem til Noreg snart.»  Men, Kareem kjem ikkje til Noreg i fyrste omgang. Live fikser seg permisjon eit år og tek del i familiekvardagen hjå Kareem.

Boka fortel levande om korleis Live vert dratt mellom to kulturar.

Denne boka skulle vore pensum for alle elevar i vidaregåande skule.

Sjekk om boka finst i ditt bibliotek.