Ikke rart det kommer kråker

Tittel: Ikke rart det kommer kråker
Forfattar: Karine Nyborg

Sider: 134
Forlag: Aschehoug
År: 2010

For ca. 1 år sidan debuterte Karine Nyborg med novellesamlinga Ikke rart det kommer kråker, og eg begynte raskt å høyre/lese gode ting om den. Det var altså på tide å lese den.

Samlinga består av 11 nokså korte, men også intense noveller. Alle handlar om personar som på ein eller annan måte slit litt, utan at dei alltid har ein “god” grunn til det, og utan at dei alltid gjer det “fornuftige” som dei burde gjere. Det er nakne stemningsrapportar, eit lite utdrag av personane sine liv.

Eg likar ikkje alle novellene like godt, sånn er det jo alltid, men det er ingen av novellene eg syns er dårlege.

Språket er veldig godt, utan blomstrete omskrivingar. Novellesamlinga er faktisk såpass lettlest at eg måtte tvinge meg sjølv til å roe ned slik at eg kunne tenke litt på det eg leste.

God novellesamling som eg vil anbefale til alle.