Nick Hornby, Rob og Juliet

Nick Hornby (f. 1957) er kjent for mange. Han er kjent for Arsenal-fans for debut-boka si, Fever Pitch, for film-sjåarar for filmatiseringa av About a Boy og manuset til An Education, og for lesarar verda over for bestseljarar som High Fidelity og Juliet, Naked. Han er ein allsidig forfattar som begeistrar og engasjerer med historiar om popmusikk, sport og fortapte, likandes hovudpersonar.

Hornby jobba som lærar, journalist og musikkritikar før han vart forfattar på heiltid. Debutboka var ei samling essay om amerikansk litteratur, men gjennombrotet kom med fotball-boka Fever Pitch (1992), om Hornby sitt liv som Arsenal-fan, med alle dei opp- og nedturar det inneber. Debutromanen kom High Fidelity kom i 1995, og her er det musikkelskaren Hornby som kjem fram.

Nobody worries about kids listening to thousands – literally thousands – of songs about broken hearts and rejection and pain and misery and loss. The unhappiest people I know, romantically speaking, are the ones who like pop music the most; and I don’t know whether pop music has caused this unhappiness, but I do know that they’ve been listening to the sad songs longer than they’ve been living the unhappy lives.

Rob er nett dumpa av kjærasten Laura, som stikk av med naboen. Men dette er ikkje det verste brotet han har vore gjennom, det er ikkje ein gong av dei fem verste. I eit forsøk på å finna ut kva som gjekk gale, kva som gjer at han no er 35 år, singel, eigar av ein bruktplatehandel på konkursens rand og utan nære vener utanom dei tilsette Dick og Barry, bestemmer Rob seg for å oppsøka jentene bak dei fem verste brota.

Hornby har skrive ein roman som gjer at latteren sit laust hjå lesaren, men at ein òg kjenner både sympati og fellesskap med Rob. Kvardagane hans er so kvardagslege, han er gjennomsnittleg (på den positive sida, i følgje han sjølv) og han går gjennom ei krise nok mange har møtt eller kjem til å møta i løpet av livet. På nokre måtar kan nok denne romanen samanliknast med både seinare Hornby-romanar og romanar nærare oss sjølve, som Erlend Loe sin Naiv. Super – ein mann rett over den fyrste ungdommen, som har endt ein stad utan heilt å vita korleis, som ikkje heilt finn vegen vidare og som gir etter for impulsar lesaren stille ropar “nei” til, men som me ivrig les vidare for å oppleva resultatet av.

I åra etter High Fidelity har Hornby gitt ut fleire bøker, mellom andre About a Boy og How to Be Good og essaysamlinga 31 Songs. Den hittil siste romanen hans er Juliet, Naked, som kom ut i 2009. Den handlar om Annie, som bur i ein liten, trist nord-engelsk by med den kjedelege sambuaren og hans store kjærleik for musikaren Tucker Crowe. Annie har aldri delt denne interessa, men det er ho som byrjar ei brevveksling med den avdanka songaren, og henne Tucker kjem til når det verkeleg går opp for han at livet har rasa frå han.

Òg i denne boka har Hornby vendt seg til musikken, og sjølv om det gjerne er lite musikkskildringar her, kjenner ein soundtracket frå seint sytti- og tidleg åttital som ein puls gjennom historia. Gooleness, den vesle avdanke badebyen handlinga er lagt til, er lett å sjå føre seg, og sjølv om hovudpersonane i Juliet, Naked er komne lenger i livet enn Rob i High Fidelity  er det nokre av dei same spørsmåla som går att. Kor går vegen vidare? Kva har ein eigentleg gjort dei siste 15 åra? Kva skal ein gjera med det? Og alt er fortalt med Nick Hornby sin humor og varme.

Sjå om ditt bibliotek har bøkene til Hornby.

Advertisements

Bandet mitt spiller ikke progrock : Liv Eirill Evensen

Det kulaste bokomslaget ever?

KULT!
Lett å lesa.
Nydeleg balanse mellom tekst og bilete. Her held det ikkje å berre lesa teksten eller berre sjå  på bileta. For å få heile romanen med deg, må du faktisk bruka tid på begge delar =0) Illustratøren heiter Ronja S. Berge – verd å merka seg!

Ja, dette handlar (som tittelene og framsida indikerar sterkt) om musikk. Jippi! Men det handlar om mykje meir enn det : om å finna sin plass, om å stå trygt i seg sjølv!

Helle spelar bass. Ho er tøff og og spelar bra. Ho blir fast bassist i eit progrockband med berre gutar frå før. Det går fint først, men på ein fest rotar Helle med vokalisten: «Jeg har gjort hovedtabbe nummer en og må betale prisen for det. Først roter jeg med Sebastian. Så blir han fjern og sur. Så endrer bandet øvingstider uten å si fra. Snart kommer de til å juge på seg at bandet er oppløst, for å bli kvitt meg. Det er den klassiske historien.»
Heime har Helle det heller ikkje uproblematisk. Mora har ein ny mann og faren er flytta nordover og har funne seg eit nytt liv der. Helle leitar i dei gamle sakene hans under trappa og prøver å finna meininga med livet.
Det aller beste med denne boka er etter mi meining coveret! Eg diggar det! Eg spår at mange kjem til å lesa denne berre på grunn av at den ser så cool ut. Eg spår vidare at dei ikkje kjem til å verta skuffa! Skulle berre ønskt at det var klikkbare lenker til musikken inne i boka…
Les meir av dette innlegget

%d bloggarar likar dette: