MIRAKEL av R.J. Palacio

Har du lyst å lesa ei annleis bok? Føler du deg annleis enn andre? Har du lyst til å lesa ei annleis bok om ein som er heilt heilt annleis enn alle andre du har “møtt”?


Les om August!
“Mirakel” handlar om August, som er 10-11 år. Han er fødd med ei misdanning i ansiktet. Det er på grunn av ein genfeil. Og det er tragisk.
Me får ikkje vita korleis Auggie (som han vert kalla) eigentleg ser ut, berre at han er svært annleis enn alle andre. Han omtalar segsjølv som eit misfoster på dårlege dagar. Uansett kva du ser for deg, er det verre, seier han.
Og det må det vera! For sjølv om me ikkje får vita korleis han ser ut, får me vita korleis folk reagerar når dei ser han. Med redsel, skrik, avsky, kvalme, panikk…
Stakkar Auggie!
Han har gjennomgått 27 operasjonar til no i sitt korte liv. Av den grunn har han ikkje gått på skule, men fått heimeundervisning.
No skal han byrje på ein vanleg skule. Han er livredd!
Men det trur eg nok både lærarane og medelevane hans er også….
WOW for ei bok!
Denne gav meg verkeleg mykje å tenka på. I “Mirakel” er det fleire forteljarstemmer. I tillegg til August, får storesyster og fleire venner fortelja korleis dei opplever det. Dette er verkeleg tøft. EI knalltøff bok! Men den er ikkje sentimental. Eg måtte ikkje gråta….eg måtte berre tenka!
Utsjånad HAR mykje å sei…eller?

LES! Les! Den er god og viktig! Sjølv om det er ei nokså tjukk bok, går det raskt å lesa den. Enkelt og greitt. LES, MIN VENN!

Advertisements

Om ragnahelene
Eg er skulebibliotekaren på Øystese gymnas

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: