Parissyndromet av Heidi Furre

Han spurde meg om eg hadde gjort noko kult i det siste, og der og då svarte eg at eg hadde tenkt på å flytte til Paris og han lo av meg og spurde meg om eg skulle leve ut klisjeen om å finne seg sjølv i Paris. Og kanskje eg skal det, kanskje eg endar med å finne meg sjølv i eit skap, under ei seng eller i baksetet på ein bil […]

Kvart år vert ti-tjue japanske turistar diagnostisert med Paris-syndromet, og sendt heim frå ferie i den franske hovudstaden. Syndromet er ein psykisk liding som kjem som resultat av høge forventningar og skuffelse, over Paris. Kanskje er det dette hovudpersonen i debutromanen til Heidi Furre lir av – sett reint vekk frå at ho antakeleg ikkje hadde so høge forventingar.

Jenta i romanen er 24 år, og har forlete Oslo til fordel for eit år i Paris. Kvifor er litt uklart, anna enn at ho har eit forhold bak seg, og få planar føre seg – utanom å læra seg fransk. Kanskje ligg forventningane meir hjå andre, hjå besteveninne og ekskjæraste, som begge ser på opplevinga i Paris som noko stort og eksotisk. For hovudpersonen handlar det om å gjera Paris til eit heime, ein by ho bur i, ikkje berre besøker. Det skjer ikkje mykje i romanen, noko av den ytre dramatikken vert spelt svært ned, medan det er den indre uroa og usikkerheiten som kjem til uttrykk. Trass dette ser ein ei stor utvikling i hovudpersonen gjennomm dei vel 200 sidene – og året i Paris.

Dette handlar om å vera ung og reisa utanlands – eller kanskje berre til ein ny plass. Om å ikkje vita kva ein vil eller kven ein er eller kva ein heilt driv med. Om nye venskap som plutseleg oppstår utan at ein har tenkt over det, og å sakte, men sikkert bli kjent ein ny stad. For ungdom som drøymer om Paris (eller andre eksotiske reisemål) kan romanen til Heidi Furre gje eit lite innblikk i at alt ikkje er som dei glossa sidene i brosjyrane – men at det gjerne går greitt til slutt.

Sjå om ditt bibliotek har Parissyndromet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: