Hvem er du, Alaska? av John Green

Dette er ei vakker, spanande, trist og morosam bok om å leita etter eit anna menneske, og enda opp med å kanskje finna seg sjølv.

Cover: Hvem er du, Alaska? av John GreenHvem er du, Alaska? handlar om Miles Halter, som flyttar frå Florida til Alabama for å gå på internatskulen Culver Creek. Heime har han ingen vener og er lite populær, og er mest oppteken av siste ord. Han håpar at den nye skulen skal opna døra til noko anna enn livet han lever no.

“François Rabelais. Han var dikter og greier. Og hans siste ord var ‘Jeg drar på leting etter et Stort Muligens.’ Det er derfor jeg drar. Så jeg ikke trenger å vente til jeg dør før jeg begynner å lete etter et Stort Muligens.”

På Culver Creek møter han Obersten, Takumi og den vakre og fasinerande Alaska. Ho røyker for å døy, har eit heilt livsbibliotek ho vil lesa gjennom og planlegg dei beste skøyarstrekane i skulen sin historie. Miles, som dei andre, fell pladask for Alaska, men når livet plutseleg vert snudd på hovudet står han att med alle spørsmåla. Kva er historien hennar? Kvifor vel ho som ho gjer? Kven er eigentleg Alaska?

John Green ville skriva ein historie om ungdom som opplever tap, sorg og skuld. Men Hvem er du, Alaska? er òg ei historie om venskap og håp, og om at dei siste orda kanskje ikkje er dei viktigaste. Dette var debutromanen til Green, og den vart godt motteken, men den store internasjonale gjennombrotet hans kom ikkje før i 2012 med The Fault in Our Stars (Faen ta skjebnen). Den gjorde at òg hans tidlegare forfattarskap fekk merksemd – vel fortent, spør du meg.

Sjå her om biblioteket ditt har boka, eller på engelsk – eller ei av dei andre bøkene til John Green.

Advertisements

One Response to Hvem er du, Alaska? av John Green

  1. Tilbakeping: John Green: Hvem er du, Alaska? | Karis bokprat

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: