Blekkhjerte av Cornelia Funke

Meggie på tolv år bur med far sin, Mo, og alle bøkene deira. Det er bøker på alle overflater, i stablar på golvet, i kasser under senga, på do. Mo lever av å gje bøker nye kjolar, og Meggie elskar både faren, arbeidet hans og alle bøkene. Berre ein ting forundrar henne: Mo les aldri høgt for henne. ho kan såvidt minnast at han gjorde det før mor hennar forsvann 9 år tidlegare, men ikkje etterpå. Etterpå har dei dessutan flytta mykje omkring, berre den vesle bussen deira og alle bøkene er konstante i liva deira. Ein dag tek likevel fortida dei att, i form av gjøglaren Støvfinger. Han kallar Mo «Trolltunge», og vil ha tak i ei spesiell og sjeldan bok. Ei natt forsvinn både boka, Blekkhjerteog Mo.

Historia i Blekkhjerte er original. Det handlar om grensene mellom fantasi og røynd, og kor mektige skrivne, og lesne, ord er. Det handlar om kjærleik mellom far og dotter, og om ein mann med eit blekksvart hjarte. Med på jakta for å finna att Mo, og etterkvart redda heile familien frå den vonde Capricorn og hans svartkledde menn, vert gamle tante Elinor, flammeslukaren Støvfinger, hans ikkje heilt tamme mår Gwin, Farid, som er lesen ut av 1001 og ei natt, og forfattaren Fenoglio. Det er kjekke, levande figurar (sjølv om ein skal vera forsiktig med å seia slikt etter å ha lese Blekkhjerte), og historia er både spanande og medrivande, sjølv om boka på sine vel 500 sider kan verka lang i utgangspunktet. Settinga, i eit moderne Europa med mobiltelefonar, minibankar og hotellovernattingar, gjer at hendingane både verkar meir fantastiske og meir truverdige. Korleis kan me vita sikkert at det ikkje finst «trolltunger» som Mo, og blå alvar i skogane i Sør-Europa?

Blekkhjerte er fyrste bok i ein trilogi om Meggie og Mo, men kan godt lesast for seg. Ho kom ut på tysk i 2003, og vart filmatisert i 2008 under tittelen Inkheart, med mellom andre Brendan Fraser som Mo og Andy Serkis som Capricorn. Forfattaren, Cornelia Funke, er opphaveleg tysk, men bur i USA.

Sjå om biblioteket ditt har boka her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: