The Perks of Being a Wallflower av Stephen Chbosky

“It’s great that you can listen and be a shoulder to someone, but what about when someone doesn’t need a shoulder. What if they need the arms or something like that? You can’t just sit there and put everybody’s lives ahead of yours and think that counts as love. You just can’t. You have to do things.”

Charlie er nett byrja på high school. Han er ikkje populær, og den einaste som ser ut til å rekna han som spesiell er engelsklæraren Bill. I tillegg verkar det som Charlie er den einaste som enno hugsar, enno bryr seg om, at bestevenen Michael tok sjølvmord året før. Så møter Charlie stesyskena Sam og Patrick. Dei er seniors, og inviterer Charlie inn i si venegruppe – der Charlie vert både observatør og etterkvart deltakar. Men alt løyser seg ikkje med det – ikkje berre har venene sine hemmelegheitar og problem, Charlie gøymer òg på ein stor hemmelegheit, frå seg sjølv.

The Perks of Being a Wallflower er ein oppvekstroman. Det handlar om usikkerheit, om mental sjukdom, om familie og vener, om seksualitet og rus. Den er skriven i brevform, der breva er stila til ein ukjent mottakar, som heller ikkje vert klårare for lesaren gjennom romanen. Charlie skriv for sin eigen del, og det er Charlie sin versjon av hendingane me får høyra.

Trass i at dette er ein ungdomsroman, er det passasjar her som òg kan få den vaksne til å tenkja. Enten tenkja attende til si eigi ungdomstid – som forhåpentlegvis ikkje var fullt so full av hendingar – eller tenkja på kva som kan møta ungdommar som veks opp, om det er for 20 år sidan eller i dag. Romanen har sine augneblinkar av sterk klisjebruk og ungdommeleg livsvisdom – men med stemma til Charlie som formidlar vert det ein naturleg del av forteljingi.

Stephen Chbosky er forfattar, manusforfattar og regissør. The Perks of Being a Wallflower kom ut i 1999, og var på besteseljarlister i 2000. Den vart mislikt og slakta av fleire, særleg på grunn av skildringane av sex og dop. Chbosky har sidan skrive manuset til filmversjonen av Rent, og var både manusforfattar og regissør ved filmatiseringa av The Perks of Being a Wallflowers, som kom i 2012. Den hadde Logan Lerman i rolla som Charlie, Emma Watson (ja, Hermine) som Sam og Ezra Miller som Patrick, i tillegg til eit flott soundtrack og ei historie som gir deg både ro og uro i det den veltar seg ut i alle sine flaue ungdomstabbar og vaksne problem.

 

Sjå her om ditt skulebibliotek har boka eller filmen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: