Nick Hornby, Rob og Juliet

Nick Hornby (f. 1957) er kjent for mange. Han er kjent for Arsenal-fans for debut-boka si, Fever Pitch, for film-sjåarar for filmatiseringa av About a Boy og manuset til An Education, og for lesarar verda over for bestseljarar som High Fidelity og Juliet, Naked. Han er ein allsidig forfattar som begeistrar og engasjerer med historiar om popmusikk, sport og fortapte, likandes hovudpersonar.

Hornby jobba som lærar, journalist og musikkritikar før han vart forfattar på heiltid. Debutboka var ei samling essay om amerikansk litteratur, men gjennombrotet kom med fotball-boka Fever Pitch (1992), om Hornby sitt liv som Arsenal-fan, med alle dei opp- og nedturar det inneber. Debutromanen kom High Fidelity kom i 1995, og her er det musikkelskaren Hornby som kjem fram.

Nobody worries about kids listening to thousands – literally thousands – of songs about broken hearts and rejection and pain and misery and loss. The unhappiest people I know, romantically speaking, are the ones who like pop music the most; and I don’t know whether pop music has caused this unhappiness, but I do know that they’ve been listening to the sad songs longer than they’ve been living the unhappy lives.

Rob er nett dumpa av kjærasten Laura, som stikk av med naboen. Men dette er ikkje det verste brotet han har vore gjennom, det er ikkje ein gong av dei fem verste. I eit forsøk på å finna ut kva som gjekk gale, kva som gjer at han no er 35 år, singel, eigar av ein bruktplatehandel på konkursens rand og utan nære vener utanom dei tilsette Dick og Barry, bestemmer Rob seg for å oppsøka jentene bak dei fem verste brota.

Hornby har skrive ein roman som gjer at latteren sit laust hjå lesaren, men at ein òg kjenner både sympati og fellesskap med Rob. Kvardagane hans er so kvardagslege, han er gjennomsnittleg (på den positive sida, i følgje han sjølv) og han går gjennom ei krise nok mange har møtt eller kjem til å møta i løpet av livet. På nokre måtar kan nok denne romanen samanliknast med både seinare Hornby-romanar og romanar nærare oss sjølve, som Erlend Loe sin Naiv. Super – ein mann rett over den fyrste ungdommen, som har endt ein stad utan heilt å vita korleis, som ikkje heilt finn vegen vidare og som gir etter for impulsar lesaren stille ropar “nei” til, men som me ivrig les vidare for å oppleva resultatet av.

I åra etter High Fidelity har Hornby gitt ut fleire bøker, mellom andre About a Boy og How to Be Good og essaysamlinga 31 Songs. Den hittil siste romanen hans er Juliet, Naked, som kom ut i 2009. Den handlar om Annie, som bur i ein liten, trist nord-engelsk by med den kjedelege sambuaren og hans store kjærleik for musikaren Tucker Crowe. Annie har aldri delt denne interessa, men det er ho som byrjar ei brevveksling med den avdanka songaren, og henne Tucker kjem til når det verkeleg går opp for han at livet har rasa frå han.

Òg i denne boka har Hornby vendt seg til musikken, og sjølv om det gjerne er lite musikkskildringar her, kjenner ein soundtracket frå seint sytti- og tidleg åttital som ein puls gjennom historia. Gooleness, den vesle avdanke badebyen handlinga er lagt til, er lett å sjå føre seg, og sjølv om hovudpersonane i Juliet, Naked er komne lenger i livet enn Rob i High Fidelity  er det nokre av dei same spørsmåla som går att. Kor går vegen vidare? Kva har ein eigentleg gjort dei siste 15 åra? Kva skal ein gjera med det? Og alt er fortalt med Nick Hornby sin humor og varme.

Sjå om ditt bibliotek har bøkene til Hornby.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: