Vinter i Havana

I år har eg eit forsett om å lese minst to bøker frå kvar verdsdel. Dette fører meg stadig til nye forfattarar og nye land. Denne gongen var det Cuba, Havana og Leonardo Padura.

Kriminaletterforsker Mario Conde har frihelg. Han våkner med dundrende hodepine etter en særdeles fuktig nyttårsaften av at telefonen ringer. Det er sjefen. Conde må komme med en gang. En høyt plassert leder i det cubanske industriministeriet, Rafael Morín, har forsvunnet på uforklarlig vis.

Eg likte ikkje denne boka så godt som eg skulle ønske. Storrøykande, stordrikkande, grublande politietterforskarar med dametrøbbel er berre ikkje mi greie. Det hjelper ikkje at han heldt til på eksotiske Cuba, han blir uansett for mykje av ein klisje etter min smak.

Kriminalmysteriet vart eg heller ikkje heilt overbevist av. Det forsvant i alt for store mengder ungdomsmimring og gjorde dette til ei bok som ikkje heilt klarte å bestemme seg for kva den vil vere.

På den positive sida kjem eit godt språk og eit interessant treff med den cubanske verda.

Dei som har ein litt større toleranse for polititypen Conde representerer og er litt mindre handlingsdrevne lesarar enn meg vil truleg like denne boka langt betre enn eg gjorde.

Boka er den første i ein kvartett av bøker med Mario Conde der kvar av bøkene finn stad i forskjellige årstider.

Sjå om ditt skulebibliotek har boka.

Advertisements

Om mostraum
Librarian, reader, atheist, blogger, golfer, lesbian, geek.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: