Død ved daggry av Deon Meyer

18308408Eg prøver å lese bøker frå forskjellige delar av verda, så då var det fint å finne ei krimbok frå Sør-Afrika. Død ved daggry av Deon Meyer kom ut på norsk i 2008, og er opprinneleg skriven på afrikaans.

Forlaget sin omtale:

Zatopek van Heerden er en kulturelt skolert eks-politimann i Pretoria. Han var vel ansett, men nå har livet hans falt fullstendig fra hverandre. Han havner i slåsskamper, går på fylla, fornærmer folk rundt seg og blir sett på som en arrogant jævel. Advokat Hope Beneke hyrer van Heerden for å etterforske et forsvunnet testament og et ett år gammelt mord, der en antikvitetshandler ble funnet drept og mishandlet på det groveste med en blåselampe. Zapotek er kanskje den eneste som klarer å løse floken, men han er uortodoks og vanskelig å samarbeide med. Parallelt avdekker van Heerden historien om sitt liv: om oppveksten som afrikander i et gruvesamfunn og hva som ble utslagsgivende for hans livsløp, om et Sør-Afrika før og etter apartheid og om hvordan en grunnleggende god mann blir ute av stand til å tro på noe annet enn det onde.

Eg er ofte ganske kritisk til krimbøker, men denne likte eg godt. Den hadde både ei interessant oppvekstskildring frå eit miljø eg ikkje kjenner særleg godt og ein bra krimhistorie der eg ikkje utan vidare klarer i sjå løysinga etter å ha lest nokre få sider. Uventa vendingar er alltid ein fordel for meg.

Til tider kan ei slik dobbelfortelling der to forskjellige tidslinjer blir vevd saman vere forvirrande og forstyrrande. Her fungerer det imidlertid bra. Det hjelper godt at historien om Zapotek van Heerden sin oppvekst og yngre vaksne år er skrivne i førsteperson, medan notidskrimgåta er skrive i tredjeperson. På den måten blir det to distinkte forteljingar som er greie å halde frå einannan.

Krimgåta er som sagt ikkje alt for lett gjennomskueleg, og det er alltid ein fordel. Utan å røpe for mykje kan eg sei at den har solide røter tilbake i Sør-Afrika si apartheidfortid, og der er det mykje grums å grave i.

Zapotek er ein mann med mykje meir djubde enn det som er tydeleg i byrjinga av boka. Eg likar også at dei aller fleste personane, både gode og onde, blir vist frå fleire sider. Noko voldsomt psykologisk djupdykk er denne boka ikkje, men den er slett ikkje verst for sjangeren.

Anbefalt for alle som har lyst til å lese ei krimbok frå litt anna miljø enn dei fleste av oss her i Norge er vant til og ikkje er alt for pysete når det gjeld brutale scener.

Advertisements

Om mostraum
Librarian, reader, atheist, blogger, golfer, lesbian, geek.

One Response to Død ved daggry av Deon Meyer

  1. Takk for tips!! =0)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: