De Niros spill

Bassam og George veks opp i Beirut under borgarkrigen og ser berre to val for liva sine: å bli i Beirut og skaffe seg pengar gjennom kriminalitet, eller å reise i eksil. Bassam er heile tida fast bestemt på å reise frå Beirut, og er med på det meste for å skaffe dei midlane som trengs. George vil bli, og blir meir og meir involvert i den kristne militsen og Beirut si kriminelle underverd.

Denne boka gjer eit sterkt inntrykk. Eg syns at stilen den er skriven i passar godt til situasjonen og tematikken den tar for seg. Korte setningar og maleriske beskrivingar som godt avspeglar kor absurde det er å vekse opp under slike forhold. Språkbruken og ordvala er nokre gonger litt uvanlege, men eg har ein følelse av at dei avspeglar ein måte å uttrykke seg på som er vanlegare i Libanon enn på våre kantar av verda. Av og til skurrar det likevel litt for mykje. Omsetjinga er til greitt bokmål, så dette er nok eit problem i den engelskspråklege originalutgåva.

Eg likar at krigen for Bassam på ingen måte er over når han kjem seg ut av Beirut. Paris er ein fredeleg by, men Bassam er framleis i krig og ute av stand til å reagere på ein vanleg fredeleg måte, han oppfører seg som han framleis er i Beirut. Når ein har lest det som skjer tidlegare i boka, og det som blir avslørt etter at han har komt til Paris, så forstår ein godt kvifor det blir slik. Det som har skjedd er ikkje ting som ein så fort ristar av seg. Ei god påminning om kor merkeleg Norge må vere for folk som kjem frå heilt andre livskår enn våre.

Når det gjeld tittelen så var eg litt treg med å oppfatte kva den eigentleg refererer til, men det er ein passande tittel.

Elles så oppdaga eg fort at eg trong litt meir bakgrunnskunnskap for å setje skikkeleg pris på boka. Borgarkrigen og bakgrunnen for den blir aldri forklart, noko som det heller ikkje er nokon grunn til når det for personane i boka er det familiære, det som “alle” veit. Så, eg tok meg ganske raskt ein tur innom sida om libanesisk historie på snl.no. for å kunne forstå historien betre.

Rawi Hage vaks opp i Libanon og på Kypros. Han bur no i Canada.

Anbefalast på det sterkaste.

Sjekk om ditt bibliotek har boka.

Advertisements

Om mostraum
Librarian, reader, atheist, blogger, golfer, lesbian, geek.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: