Barn 44

0f49a896985511e2ad1322000a9e28e6_7

Sovjetunionen 1953: I den vellukka kommunistiske staten skal det ikkje finnast kriminalitet, iallfall ifølge Stalin som heldt landet i eit jerngrep.  Det er derfor overraskande for sikkerhetspolitimannen Leo Dermidov at familien til ein ung gutt som blir funne omkomen ved jernebaneskinnene i Moskva, meiner at gutten blei myrda. Etterkvart går det opp for Leo at familien har rett, og han tar opp jakta på mordaren til tross for at det gjer han til ein statsfiende og også truar familien hans.

Eg les ikkje så veldig mykje krim. Stort sett fordi eg ofte syns det blir litt forutsigbart, men også fordi det er så mykje anna å lese. Det må derfor vere noko spesielt med ein krim for at den skal fange interessa mi.

Barn 44 har eg sett omtalt fleire stader, både på norsk og engelskspråklege boknettstader, og det var tid og stad som lokka meg. Ei krimforteljing som foregår i Sovjetunionen i den mest paranoide stalintida er ikkje noko eg har lest før. Omtalane var også svært positive, så eg tenkte at denne kunne vere bra som påskekrim for meg. Og det var den.

Sjølve mordmysteriet er bra, med ein passe mørk bakgrunn som går heilt tilbake til hungersnauda i Ukraina på 30-talet. Kven mordaren er var ikkje den største overraskinga, sjølv om det også rundt mordaren var det ein del overraskingar. Det er skildringa av sovjetsamfunnet som verkeleg gjer boka verd å lese. Den gjev eit fascinerande innsyn i eit samfunn totalt gjennomsyra av kontroll, svik og mangel på tillit. Dette er verkelig paranoia sett i system. Staten har ingen tillit til borgarane sine, og enkeltpersonane har med god grunn veldig liten tillit til kvarandre. Det blir veldig intens når etterforskinga skjer i ei slik atmosfære, og at det er ei etterforsking som eigentleg aldri får lov til å finne stad.

Leo Demidov og dei i kretsen rundt han er interessante bekjentskapar, og spesielt Leo gjennomgår ei stor forvandling i løpet av boka. Eg er litt ambivalent når det gjeld slutten, men det kan hende eg syns den er veldig bra når eg les neste bok i serien, og det kjem eg til å gjere. Førebels har det komt 3 bøker om Leo Demidov.

Eg likar også den språklege stilen. Med stort sett korte setningar og lite utmaling så passar den bra til ei forteljing med sovjetgrå bakgrunn og ein militært anlagt hovudperson.

Absolutt verd å lese.
Sjekk om ditt bibliotek har boka (hugs å klikke vidare på kvar tittel for å sjå eksemplara.

Advertisements

Om mostraum
Librarian, reader, atheist, blogger, golfer, lesbian, geek.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: