Et offer til Molok av Åsa Larsson

Et-offer-til-Molok_productimage

Har du lese Åsa Larsson før?

Det har eg! Det anbefalast. Really!
Dette er 5.boka med Rebecka Martinsson som hovudperson. Eg likar dei så godt, så godt! For meg er dette krim på sitt beste. Det er så uhyggelig og spennande at eg gyser. Boka vart lesen på tre kveldar – berre fordi den var heilt umogleg for meg å leggja vekk.
Me er i traktene rundt Kiruna ved Norrbotten.
Det heile startar med at ein Elghund vert drept og spist av ein bjørn. I magen til bjørnen finn dei i tillegg restar av menneskeknoklar… Berre nokre veker seinare vert ei kvinne stukken ihel med høygaffel. Over hundre stikk! Inne i sitt eige hus. Sjuåringen Marcus ser mordet men klarar å stikke av og kome seg i sikkerhet.
Marcus er ein så fin fyr, men han er sjølvsagt livredd. Der er så hjarteskjærande å lesa historien hans. Det viser seg snart at nokon er ute etter å ta livet av han og. Heile familien hans skal drepast….
I tillegg til drapshistorien, får me lesa ein hundre år gammal historie om den unge lærerinna Elina som dreg til Kiruna for å arbeide i det nyetablerte samfunnet som vaks fram rundt gruvedrifta og malmutvinninga. Ho vert forelska og har eit hemmelig forhold til gruvedisponenten Hjalmar.
Boka vekslar uproblematsik mellom dei to historiane, og dei utfyller kvarandre på finurleg vis.
Eg elskar måten Larsson fortel på! Eg elskar stemningane som ho serverer meg!Ho gir lesaren nydelige leidetrådar, men eg forstod ikkje. Ikkje før til slutt! Jippi og Grøss
Vil du har ein god krim? Les “Et offer til Molok”! Vil du ha fem gode krimbøker? Les alle fem bøkene om Rebecka Martinsson. Dei er strålande!

Advertisements

Om ragnahelene
Eg er skulebibliotekaren på Øystese gymnas

One Response to Et offer til Molok av Åsa Larsson

  1. Anne Katrin Fikke says:

    Helt enig! Jeg kan ikke vente til neste bok kommer!!! Åsa Larsson har flere lag i bøkene sine, det handler ikke bare om krim, men også om kjærlighet og om hvordan det er å komme tilbake i arbeidslivet, bo i nord-Sverige osv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: