Himmelen begynner her Jandy Nelson

Dette er ei bok som eg vart interessert i å lesa då me fekk ho inn på biblioteket i fjor. Ho vart mykje utlånt, så eg gløymte å lesa ho sjølv.
Men no har eg. Eg har lese og no vil eg skrive ho. Ho er nemlig ganske fantastisk!
Eg fekk ei sånn deilig kjensle då eg las den boka! Eg gledde meg til kvar gong eg skulle ta ho fram. Eg ville aldri at den skulle slutta.

Hovudpersonen er Lennie. Ho har lese “Stormfulle høyder” 23 gongar, og ho skriv på alt. Ho skriv på lappar, kvitteringar, posar, serviettar, pappkrus, skoa sine…
Kult!
Karakterane i boka er så stilige! Lennie er ei samansatt jente. Ho er sikker og usikker på ein gong. og ho er morsom! Lennie har ein hippi-onkel, ei kunstner-Besta, og ei ellevill og feministisk besteveninne. I tillegg er det Toby, den triste og kule og dyrevennlige skater-typen. Det er Joe, den heilt vanvittig, overnaturleg vakre og musikalske (og halvt franske) nye, guten på skulen. Og så er det Baily! Baily var Lennie si elskede storesøster, men ho døydde brått.
Dette er historien om korleis Lennie, som fram til ho har “levd i søvne” i skuggen av Baily, må finna vegen ut av sorga. Det er ein kronglete veg. Den er trist og sår, men og romantisk og til tider svært komisk! Lennie må finna ut kven ho er, utan Baily. Er det lov å vera forelska når du er i sorg? Er det lov å kysse den som var kjærasten til ho som er død?

Her blir det forviklingar! Og romantikk. Og veldig mykje tårer (ja, eg grein ikkje, men Lennie grin ofte. Dei andre karakterane grin og litt!) og latter! Og forunderlige formuleringar. Og ein del klisjear.
Eg elskar det!
Eg syns boka var glimrande fordi eg vart overraska! Når forteljinga balanserte på grensa til å vera for platt eller for sentimental, kunne plutseleg alt snu og eg sat og lo med boka i fanget!
Digg!
Les sjølv!

Advertisements

Om ragnahelene
Eg er skulebibliotekaren på Øystese gymnas

One Response to Himmelen begynner her Jandy Nelson

  1. Tilbakeping: Jeg gir deg sola av Jandy Nelson | LeseHorden

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: