Grensen

Tittel: Grensen
Forfattar: Frank Schätzing

Forlag: Aschehoug
Utgåve: Innbunden
Sider: 1326
Først utgitt: 2009
Originaltittel: Limit (tysk)

Sjanger: Science fiction / Krim
Terningen landa på: 4-

Året er 2025. Banebrytende teknologi har revolusjonert romfartsindustrien, og det amerikanske selskapet Orley Enterprises har begynt å utvinne helium 3 fra månen. I et intenst kappløp med kineserne konkurrerer de om denne ettertraktede edelgass-isotopen som kan sikre verdens energisituasjon for fremtiden.
Den eksentriske konsernsjefen Julian Orley tar med seg en gruppe av verdens rikeste mennesker på et luksuscruise til månen for å skaffe investorer. Samtidig er kyberdetektiven Owen Jericho i Shanghai på leting etter den unge og vakre dissidenten Yoyo, som er sporløst forsvunnet. Det viser seg at hun er i besittelse av svært sensitive hemmeligheter. Sporene fører til slutt til månen, der Orleys romturister har gjort en særdeles farlig oppdagelse.

Dette er ei lang bok, omtalen blir ikkje like lang.

Det eg likar: Veldig spennande historie, med ein god del uventa og interessante vendingar. Eg syns at både internasjonal kriminalitet og science fiction kan vere kjekt å lese, og ei blanding er slett ikkje å forakte. Litt forbausa over at den er sett såpass kort fram i tid, men syns elles at science fiction biten med månen var veldig bra.

Det eg mislikar:
– Den er for lang. Eg trur ikkje den hadde tapt noko på å bli kutta ned 2-300 sider, og ei bok på ca.1000 sider er framleis ganske lang. Det blir for masse masing om ting som ikkje har noko å sei for handlinga. Eg likar vanlegvis at personar ikkje er eindimensjonale, men her blir det for mykje av psyken til for mange personar, og folk sin hårfarge/hudfarge/kroppsfasong… interesserer meg veldig lite.
– Eg er ikkje begeistra for omsetjinga. Den er på ganske så kjedeleg og flatt bokmål, og til tider dukkar det opp ein del ordval som eg syns er direkte rare. T.d. blir operatørar av tekniske anlegg kalt for drivarar. Det er nok teknisk korrekt fordi om det er uvanleg, men eg begynte straks å lure på om dei skulle installere ein skrivar eller noko slikt, sidan det er deg eg helst forbind med med ordet “drivar”.

Eg må innrømme at eg hoppa over enkelte avsnitt med unødvendige beskrivingar av diverse greier. Likevel, boka var altså spennande nok til at eg las den ferdig til tross for innvendingane mine.

Så… Likar du spennande bøker med interessante intrigar der skurken ikkje er avslørt etter 10 sider? Syns du internasjonal kriminalitet og litt science fiction høyrest ut som ei grei blanding? Er du ein av dei som ikkje irriterer deg over at ei bok blir litt for ordrik, eller beint fram syns at det er ein fordel med alle orda? Syns du det er heilt greit å lese mursteinsromaner? Vel, då er dette boka for deg.

Dersom ikkje, så er det kanskje like greit å finne seg noko anna.

Advertisements

Om mostraum
Librarian, reader, atheist, blogger, golfer, lesbian, geek.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: