Tegn av Anne Ch Østby


JA!

Denne er god! Denne er viktig! Viss alle skulle velge seg  ei ungdomsbok å lesa, skulle eg ynskja at MANGE ville ta denne. …Litt rart at eg valgte den, forresten. Den har jo fotball-framside….ikkje exactly my cup of tea. Men denne boka var my cup of tea! 

I “Tegn” møter me mellom anna Sofie, Jonna, Espen, Karine, Julie og Kasper.
(Mange personar å forhalda seg til – og det krev litt konsentrasjon)

Alle spelar fotball. Det er haust og fotballsesongen er snart over, men årets høgdepunkt står att: cupen! Alle er opptekne av den. Vil dei frå plass på laget til å spela i cupen?

Julie har vondt i kneet sitt og gjer kva ho kan for å skjule det. Ho vil gjera sitt aller beste for laget og ikkje minst for Karine, trenaren. Julie må etterkvart innrømma for seg sjølv at ho er forelska i Karine. Av og til er det lettare å forhalda seg til at ein har vondt i kneet, enn at ein har vondt i hjarte…

Sofie og Jonna er forelska i kvarandre, men nokså sjenerte. Den gode kjensla av forelsking vert uansett døyvd av ei stor bekymring som Sofie har: broren Espen.

Espen er best på gutelaget, og er sikra plass. Det trur alle. Men Espen er blitt så rar.  Han held seg borte frå treningar og sender kryptiske meldingar til Karine. Han går ingen stadar utan å ta med seg eit balltre, og han byrjar å vise interesse for den vesle toåringen Christoffer. Ei veldig rar interresse…

Espen er sjuk.
Han er sjuk i hovudet og det er mange som ser det. Det er mange teikn.  Men kven tek tak i det? Kven sitt ansvar er det å hjelpa dei som slit med psykisk sjukdom? Kanskej dette er eit av få tabu som me framleis har?  Anne Ch Østby får veldig godt fram kor vanskeleg dette er å ta opp. Korleis skal du gå fram viss du vil sei til ein forelder at du trur det har “klikka for” barnet hans?

Kasper  har vore borti slik sjukdom før. Espen sin rare oppførsel minnar Kasper om faren. Det er vonde minner som han ikkje vil opna for. Denne boka er ikkje enkel. Men den er god! Eg koste meg heile tida medan eg las. Den gav meg ikkje berre gode kjensler, men den greip meg skikkelig! Og eg vart redd. Eg vart redd på slutten, då Espen tok den vesle toåringen som sat aleine i ein bil. 

Boka er fin.
gripande. tankevekkande. romantisk.  trist. søt. varm. vond. og ikkje minst spennande.

LES! LES! plis!
-dette er noko av det beste eg har lese på lenge!

Advertisements

Om ragnahelene
Eg er skulebibliotekaren på Øystese gymnas

One Response to Tegn av Anne Ch Østby

  1. Tilbakeping: Skyt appelsinen « LeseHorden

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: