Kirkegårdsboken / The Graveyard Book

Tittel: Kirkegårdsboken / The Graveyard Book
Author: Neil Gaiman

Nobody Owens (til vanlig kjent som Bod) er en helt vanlig gutt – bortsett fra at han bor på kirkegården, blir oppdratt av spøkelser og lærer triks av de døde for å overleve. Men Nobody er mer redd for de levende, og spesielt Jack, mannen som tok livet av familien hans.

Denne boka har hatt ein plass i skal-lese-haugen min i lange tider, så det var på tide at eg fekk lest den. Eg las den engelske utgåva, men som de ser finst den også på norsk. Det er uansett ei nokså lettlest bok.

Eg er ein stor fan av Neil Gaiman, og denne boka har ikkje endra på det.

Eg likar veldig godt den måten forteljinga er bygd opp på. I boka får vi glimt av Bod sitt liv frå den natta Jack tar livet av familien hans fram til han er ca. 15 år. Kvart kapittel tar for seg ein liten tidsperiode slik at det blir som å komme på korte besøk til Bod. For kvart kapittel er han litt eldre, litt meir moden og har lært litt meir om verda. Sidan lærarane hans er spøkelse av folk som levde for lenge sidan så har nok Bod ei litt anna utdanning enn dei fleste andre, men formyndar Silas passar på at han også lærer litt om den moderne verda. Uansett så har skjer det spesielle ting i Bod sitt liv i kvart kapittel, både inne på og utanfor (ikkje nødvendigvis vårt utanfor) gravplassen. Samtidig så ligg alltid Jack si skygge og truar, og til slutt må det komme til eit oppgjer.

Det einaste eg saknar er å få bli litt betre kjent med Bod sine spøkelsesforeldre og enkelte andre av dei som er gravlagde på gravplassen. Mange av dei har kosteleg små minneinnskrift på gravsteinane sine, og fleire av desse gjer meg ganske nysgjerrig. Og Silas, den mannen (eller kva han no er) har sannsynlegvis nok hemmeligheitar til å vere hovudperson i ei eiga bok. Eg skulle gjerne lest den.

Igrunnen er heile boka ganske magisk.

Sjekk om ditt skulebibliotek har boka.

Advertisements

Om mostraum
Librarian, reader, atheist, blogger, golfer, lesbian, geek.

5 Responses to Kirkegårdsboken / The Graveyard Book

  1. Selv om den foregår blant spøkelser på en kirkegård er den egentlig ganske tradisjonell. Bod vokser opp, møter forskjellige utfordringer, modner, til slutt det endelige oppgjøret med skurken. Jeg liker egentlig noen av de tidligere bøkene og tegneseriene til Gaiman bedre, jeg synes han overrasker mer i dem. Men denne er også god.

    Den minnet meg forresten veldig om denne: http://en.wikipedia.org/wiki/The_Thief_of_Always

  2. Tilbakeping: Neil Gaiman og The Ocean at the end of the Lane | LeseHorden

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: