BLOMSTENES HEMMELIGE SPRÅK – Magisk blomsterspråk

Forfatter: Vanessa Diffenbaugh

Forlag:  Aschehoug

Prøvde meg på endå ein debutroman. Den kjem  i fylgje kritikarar ”…til å berøre millioner av lesere”, og det får eg inderleg håpe at den gjer.. Dette var ei fantastisk bok å lesa. Var faktisk forberedt på det verste. Eg såg for meg at den lett kunne gli over til å bli eit sentimentalt drama om den stakkars fosterungen som finn kjærleik og lukke omgitt av duftande blomar… Men der tok eg inderleg feil.

Victoria  kjem til å snika seg inn under huda på den mest kyniske og hardhuda av lesarar vil eg påstå. Ja, ho har vokse opp i forskjellige fæle fosterheimar og er skadeskutt og såra, men ho har ein stor lidenskap som overskuggar alt anna. Ho elskar blomar og kommuniserar helst gjennom det victorianske blomsterspråket. Som lesar får du ta del i Victoria si verd på godt og vondt. Her får me kjærleik, smerte, tilgivelse og forsoning rørt saman til ei beint fram magisk historie. 

Boka hadde  bivirkningar og… Eg blei veldig fasinert av det victorianske blomsterspråket, og lærte faktisk masse om det. Bakerst i boka finn einVictoria sitt blomsterleksikon, så eg fekk veldig lyst til å kjøpe denne boka til mi eiga bokhylle..

Ein annan ting som slo meg mens eg las, var at denne boka med sitt fargesterke maleriske språk  hadde egna seg godt på film. Såg den veldig klart  for meg mens eg las. Så det forbausa meg ikkje då eg fann ut at 20th Century Fox har kjøpt filmrettighetane til boka.

 Har eigentleg berre ein ting å seie om denne boka: Les den!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: