13 GODE GRUNNER – Lovande debut frå talentfull forfatter

Forfatter: Jay Asher

Forlag: Schibsted

Eg både gleda og grua meg til å begynne å lese denne boka. Eg hadde lese og høyrt mykje bra om den på førehand, og det kan som kjent føre til store skuffelsar … Men det er mange gode grunnar til å lese denne boka. Dette er verkeleg ein ”page-turner” som det heiter på godt norsk..

Boka startar meg at Clay Jensen finn ei pappøskje med kasettar på trappa då han kjem heim frå skulen. Kasettane viser seg å være frå Hannah Baker,ei jente i klassen hans som døydde 14 dagar før. Då han litt motvillig byrgjar å høyre på kasettane, høyrer han Hannah seie at han er ein av dei tretten grunnane til at ho er død… Clay lyttar til Hannah si stemme heile natta. Han blir guida rundt i den vesle byen, og oppdagar ting på vegen som kjem til å forandre livet hans for alltid…

Boka er rimeleg godt skriven og historien er som sagt veldig spennande fortalt. Gradvis avslører Hannah dei tretten grunnane ho hadde for å ta sitt eige liv, og me får Clay sine tankar og reaksjonar gjennom heile denne tunge natta.Når det gjeld språket  kan det vera litt enkelt og klisjeaktig til tider, men ikkje i så stor grad at det svekker historien nemneverdig.

Dette er etter mi meining ei viktig bok. Den viser korleis små ting som rykter og sladder kan få alvorlege  konsekvensar for eit menneske. Den tek opp eit vanskeleg tema som sjølvmord på ein måte som inviterar til både diskusjon og ettertanke. Den seier og noko om kor viktig det er å tørre å bry seg om kvarandre. Kor viktig det er å tenke over konsekvensane av sårande merknader og spreiing av rykter. Den får lesarane til å ville vera betre medmennesker. Eg trur at ein av grunnane til at forfattaren lukkast med å nå fram med bodskapen sin og få fram denne kjensla hjå lesaren, er at han på ein fin måte balanserer stemmene til Hannah og Clay.

Forfattaren moraliserer heller ikkje, og kjem ikkje med ein klar grunn til sjølvmordet. Eg trur nok og mange tennåringar kan kjenne seg igjen i hovudpersonane, og det dei strevar med.

Bakerst i boka svarar forfattaren på tretten spørsmål om boka og skriveprossessen, og det var faktisk veldig interessant lesning. Denne boka vil eg anbefale alle å lese.

Advertisements

One Response to 13 GODE GRUNNER – Lovande debut frå talentfull forfatter

  1. siljesols says:

    Er veldig enig med deg både angående viktigheten av temaet og språket. Jeg tror at oppbyggingen av historien som gjør den veldig spennende, også kan være med på å gi den flere lesere.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: