Satans yngel

Sanne Munk Jensen har skrive bok om unge studentar i København.
Her er det mykje bleie, barnevogn og nattevåk for pengane!

Tobi og Alma er studentar og kjærestar i København. Deira næraste vener har nettopp fått ein baby og Tobi har sjølv lyst til å bli pappa. Ein god pappa. Alma er ikkje så sikker på om ho vil, men ho går med på prosjektet.
Me blir med dei på ei turbulent reise gjennom planleggingsfasen, svangerskapet, fødselen og spebarnstadiet.
Til tider var dette kjempemorsomt! Dei fleste kan kjenna seg att i noko, om ikkje i sjølve situasjonane, så i allefall nokre av dei hysteriske dialogane. Tobi er morsom og sympatisk. Almas veninde, Trina, er noko av det mest irriterande eg har «møtt». Ein «besserwisser» av dimensjonar! I førsten vart eg skikkelig irritert, men etterkvart vart samtalane med Trina ein form for absurde høgdepunkt. Ho er jo heilt gal…
Alma slit med tankar om at ho ikkje kjem til å bli betre mor enn det hennar eige mor var. Ho er redd for å ikkje strekka til og ho er redd for å finna ut kven faren hennar er.
Historia om korleis Alma finn fram til sin biologiske pappa, er ein søt og sår bi-historie som eg elskar!
Sjølv om boka er skriven i ein lett og humoristisk tone, er det jammen meg viktige tema som vert tatt opp:
Det er ikkje så lett å ta seg av eit lite barn når du eigentleg ikkje var heilt klar.
Det er ikkje så lett å kommuneisera med kjærasten når du er full av hormonar som du ikkje klarar å styre.
Det er ikkje så lett å framstå som vellukka kjernefamilie med «babylykke», når babyen skrik og du sjølv slett ikkje er lukkeleg, men heller på felgen.
Språket er godt. Heldigvis. For nokre av kapitla er etter mi meining «for mykje». Men boka engasjerte meg likevel! Den er lettlest, med mykje morsom dialog.
Den er utgitt som ungdomsbok. Eg tenker at den gjerne passar best for «unge voksne».
Denne boka gir i allefall ikkje noko glansbilde av korleis det er å blir foreldre for første gong!
Advertisements

Om ragnahelene
Eg er skulebibliotekaren på Øystese gymnas

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: