Daughter of Smoke and Bone / Mørk engel

 Daughter of Smoke and Bone av Laini Taylor er også utgitt på norsk med tittelen Mørk Engel. Eg har lest den engelskspråklege utgåva, så eg kan ikkje sei om omsetjinga er god, men innhaldet kan eg sei litt om.

Rundt om i verden dukker det opp håndavtrykk som er brent inn i helt vanlige dører. I en mørk og støvete butikk har en djevels beholdning av mennesketenner blitt faretruende liten. Og i de trange smugene i Praha er Karou, en ung kunststudent i søken etter sin egen ukjente historie, i ferd med å bli fanget i en brutal krig med vesener fra en parallell verden. Da en av de fremmede – vakre, forfulgte Akiva – setter øynene i henne i en bakgate i Marrakesh, befinner hun seg snart i en krig mellom engler og demoner, hemmeligheter kommer for dagen og en kjærlighetshistorie med røtter i en brutal fortid oppstår. Men kommer Karou til å angre på at hun søkte sannheten om seg selv?

Med det samme eg hadde lest ferdig denne boka måtte eg på Internett for å finne ut når bok 2 i denne planlagte trilogien skal komme ut. Det blir ikkje før til hausten, så eg får halde ut til den tid.

Det er vel alt no klart at eg likte boka veldig godt. Fantasiverda som Laini Taylor har skapt er ulik noko anna eg har vore borte i, og både Karou og Akiva er personar (i mangel av eit betre ord) som blir meir og meir interessante utover i boka. Spesielt Akiva, som ikkje akkurat gjer noko godt førsteintrykk, beviser at førsteintrykk ikkje er noko ein kan stole på. Eg likar å bli overraska, og denne boka overraska meg stadig vekk. I tillegg så er den veldig spennande.

Den einaste grunnen til at boka ikkje får toppkarakter er at eg blir litt irritert av enkelte av dei mest romantiske bitane. Eg er ikkje særleg begeistra for romantikkbøker sånn generelt, så eg blir lett litt lei når det blir for mykje “svak i knea” og “sommarfuglar i magen”. Likevel, det er berre ei lita innvending, mesteparten av romantikken i denne boka var heilt ok.

Boka endar på eit veldig spennande punkt.Flott for ein serie, utruleg frustrerande for ein lesar som berre lurar på…..

Kva skjer no?

Sjå om ditt bibliotek har boka.

Advertisements

Om mostraum
Librarian, reader, atheist, blogger, golfer, lesbian, geek.

2 Responses to Daughter of Smoke and Bone / Mørk engel

  1. RagnaHelene says:

    Åh, dette var ein kjekk omtale! Eg fekk lyst å lesa med ein gong!

  2. siljesol says:

    Denne er jeg akkurat ferdig med på norsk. Jeg har ingenting å utsette på oversettelsen, men har ikke lest den på engelsk. Enig i de romantiske bitene, og synes den var litt treig i starten, men den er uforutsigbar og har et veldig spennende og interessant univers.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: