Krokodillens gule øyne


GRATULERAR til meg!
Eg har lese ein tjukk roman som ikkje er skriven for ungdom! HURRA!
Det skjer ikkje så ofte, fordi at ungdomsbøkene er så grådig freistande…Men no har eg lese “Krokodillens gule øyne” av Katherine Pancol. Å, for ein kjekk roman!
Handlinga er lagt til Paris, for det meste (og endå er det bra med krokodillar med i boka =0) Hehe). Eg har aldri vore i Paris, men no har eg lyst å reisa! Eg trur forfattaren må elska den byen? Kjærleiksbyen….

Boka handlar om Josephine.
Ho er ei dame midt i livet. Bur i utkanten av byen med to halvstore døtre og ein tulling av ein mann. Han forsvinn ganske snart til ein krokodillefarm i Afrika (heldigvis)
Josephine sit forlatt tilbake, åleine med døtrene og ein alt for trong økonomi.
Ho er ei skjønn kvinne som eg vart glad i med det same. Ho er flink (arbeider som forskar) og snill, har høg moral og låg sjølvtillit. Hennar store lidenskap er 1100-talet.

Josephine har ei syster, Iris. Ho er Josephines rake motsetnad.
Iris er snobbete og elegant – har ubegrensa med midlar og vil gjera alt (ALT!) for å få søkelyset på segsjølv. Fasade betyr alt for Iris.
Ein kveld, på ein fin middag får Iris ein vidgjeten forleggar som bordkavaler. Det er då ho får ideen:
Ho vil gje ut ei bok! Ein historisk roman frå 1100-talet.  Denne skal gjera henne berømt!
Iris tilbyr Josephine ein stor sum pengar for å få henne til lå skrive romanen for henne. Josephine som sit i saksa økonomisk, har ikkje råd til å seie nei.

Dette er ei historie om ei løgn, om kjærleik, om familieband, om utruskap og pengar, om veninner, om LIVET. Eg både lo og grein medan eg las. Det handlar om korleis me er som menneske -og om korleis me ynskjer å vera…og kanskje kan bli?

Boka er lettlest. Morsom. Trist.  Og GOD!  Koseroman!

Advertisements

Om ragnahelene
Eg er skulebibliotekaren på Øystese gymnas

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: