Blodrød Vei

Tittel: Blodrød Vei
Originaltittel: Blood Red Road
Forfattar: Moira Young

Sider: 510 (med ganske stor skrift)
Først utgitt: 2011

Sjanger: Dystopia

Saba er ei interessant heltinne. Modig, sterk, hissig, urettferdig, irriterande, redd og veldig, veldig målbevisst. I tillegg til Saba er det også fleire personar i boka som det er verd å bli nærmare kjent med, til og med nokre av skurkane. Skurkane er i tillegg virkelig fæle. Og så har vi Jack, den unge mannen som Saba treffer i løpet av boka. Eg syns ikkje vi blir så veldig godt kjent med Jack, men sidan dette er første boka i ein planlagt trilogi, så kan det ordne seg etterkvart.

Eg las denne boka litt på norsk og litt på engelsk. I originalutgåva blir ein del av orda stava annleis enn vanleg for å gjere språket meir muntleg og slik ei jente med lite skulegang kunne finne på å skrive. Det er heller ikkje brukt hermeteikn rundt direkte tale. Dette er litt forvirrande i byrjinga, men eg blei fort vant til det. I den norske utgåva er orda stort sett stava på vanleg måte, berre med litt fleire a-endingar enn ein vanlegvis møter i bokmålbøker. På denne måten blir også språket i den norske utgåva meir muntleg. Eg likte det. Det mest irriterande for meg i den norske utgåva var at Saba sin bror blei kalt både for “Lugh”, som han heiter, og “Luke”, eit mykje meir vanleg namn for oss. Her er det nokon som ikkje har gjort god nok jobb i korrekturlesinga.

Eg likte denne boka, men ikkje så mykje som eg skulle ønske eg gjorde. For å vere ærleg så minner den meg litt for mykje om Dødslekene av Suzanne Collins. Dei dystopiske verdene er ulike, men har likevel ein del til felles, og det samme har dei unge heltinnene. Og når eg syns Dødslekene er betre så blir det tøft å vere den nye boka. Men, Blodrød Vei er den første i ein trilogi, så serien kan bli betre og meir ulik Dødslekene etterkvart.

For å oppsummere mitt inntrykk så er Blodrød Vei ei spennande og lettlest ungdromsroman. Den er absolutt ikkje dårleg, og er kanskje byrjinga på ein veldig god serie. Det vil tida vise.

Sjekk om ditt skulebibliotek har boka.

Advertisements

Om mostraum
Librarian, reader, atheist, blogger, golfer, lesbian, geek.

One Response to Blodrød Vei

  1. Tilbakeping: Blodrød Vei – Bokomtale « Tanz

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: