Slaughterhouse 5

«Slaughterhouse 5 or The Children’s Crusade : a duty-dance with death» av Kurt Vonnegut, er ei av dei klassisk science fiction roman. Boka kom opprinneleg ut i 1969 og er også utgitt på norsk under tittelen «Slaktehus-5 eller Barnekorstoget : en pliktdans med døden«.

13.-15. februar 1945 slapp dei allierte styrkane nesten 4000 tonn bomber og brannbomber over den tyske byen Dresden. Som resultat av dette blei nesten 25000 drept og 39 kvkm av byen totaløydelagt. (Talet på drepte har tidlegare vore estimert så høgt som 250000, men ei undersøking som Dresden fekk igangsett i 2010 anslår at talet var maksimalt 25000). Kurt Vonnegut var krigsfange i Dresden og opplevde bombinga. Etter bombinga blei han og andre krigsfangar sett til å samle saman lika slik at dei kunne bli begravde, men det var for mange og etterkvart blei lika brent der dei blei funne. Sjølv sa Kurt Vonnegut på eit tidspunkt at han var den einaste som fekk nokon fordel av bombinga av Dresden sidan Slaughterhouse 5 var den store gjennombruddsboka hans.

Hovudpersonen i Slaughterhouse 5 er optikaren Billy Pilgrim. Som ung og ikkje-særleg-flink amerikansk soldat blir han tatt til fange og hamnar etterkvart i Dresden der han opplever dei same tinga som forfattaren sjølv opplevde. Etter krigen fullfører Billy optikarutdanninga si, får seg familie og blir ein velståande mann. Men, det er to ting som gjer Billy annleis enn andre:

  1. Han sit ikkje fast i tida, når som helst kan han finne seg sjølv på forskjellige plassar i livet sitt. Dette gjer at han aldri er heilt avslappa, men og at han alltid veit kva som kjem til å skje han.
  2. På bryllaupsdagen til dotra blir han kidnappa av vesen frå planeten Tralfamadore og blir utstilt der ei tid saman med filmstjerna Montana Wildhack. Tralfamadoriane er vise og lærer Billy at menneska ikkje kan sjå tida slik den eigentleg er. Tida er som ei fjellrekke, der alle tidspunkt er til stades og eksisterer samtidig. Alle tidspunkt er som dei er fordi dei må vere slik, men menneska kan berre sjå ein liten bit om gongen der trafaldamoriane kan sjå heile fjellrekka.

Eg elska denne boka. Akkurat som Billy sitt liv så er tidslinja i boka heller ikkje kronologisk. Vi hoppar fram og tilbake langs Billy si tidslinje i lag med han, og eg syns det er eit fabelaktig forteljartriks. Språket er gjennomført og usminka. Ingen fine omskrivingar for kroppslege funksjonar eller andre ting. Eg likar og at «forfattaren» aktivt er til stades i rammeforteljinga. Dette kunne vore ei veldig trist bok, men Vonnegut er ein tragikomisk mester. Spesielt med bruken av frasen «So it goes» som stadig kjem tilbake i løpet av boka.

Eg trur på mange måtar at dette er ei elsk eller hat bok og for meg var dette så absolutt ei elsk bok.

Andre folk har også elska den, og nokre mislikt den ganske sterkt. Det er nok folk som mislikar den, uansett om dei har lest den eller ikkje, til at den har fått ein 46.plass på den amerikanske bibliotekforeningen si liste over 100 most frequently challenged books : 2000-2009 (opp frå ein 67.plass tiåret før). So it goes. (for å sitere den mest brukte setningen i boka)

Boka finst som sagt i mange utgåver, både på norsk og engelsk. Sjekk om ditt skulebibliotek har ei av utgåvene.

Omtalar frå forskjellige kjelder. Nokon av dei likar boka, andre ikkje. Uansett så er det ingen av desse som går inn for noko forbud:

Advertisements

Om mostraum
Librarian, reader, atheist, blogger, golfer, lesbian, geek.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: