Da jeg lot deg gå

Tittel:  Da jeg lot deg gå

Forfatter:  Forman, Gayle

Sider:  218

Forlag:  Cappelen Damm

År:  2011

Ei av dei beste ungdomsbøkene eg las i forfjor, var ”Hvis jeg blir” av amerikanske Gayle Forman.  Historia om Mia, som mista familien sin i ei bilulukke og som vidt overlevde sjølv, var sterk lesing.  Mens Mia låg i koma, blei lesaren dratt med inn i rommet mellom liv og død, der Mia kjempa mellom å overgje seg til døden eller venda tilbake til eit liv utan foreldra og veslebroren .  Besteforeldra, venninna Kim og kjærasten Adam sat ved sjukesenga og hjalp henne til å ”velja” livet.

I oppfylgjaren ”Da jeg lot deg gå” har det gått tre år sidan ulukka, og synsvinkelen er Adam sin.  Sjølv om Mia overlevde, har Adam mista henne og han slit med å skjønna kvifor ho forlet han.

Mia kom inn på prestisjefylte Juilliard School, der ho utdanna seg til cellist, og no turnerer ho verda over.  Adam er suksessrik  rockemusikar med ny kjærast og hus i  California, men er dopa, desillusjonert og lei kjendislivet.  Han kan aldri gløyma Mia, og tilfeldigheitene vil det slik at han er i New York den dagen Mia skal ha konsert i Carnegie Hall.  Han oppsøker henne bak scenen etter konserten, og møtet utløyser ei demning av sinne, sorg og sakn – men også kjærleik.

Den første boka var glimrande, og bør absolutt lesast før denne.  Forfattaren greier langt på veg å halda på intensiteten, sjølv om eg ikkje blei like rørt av denne.  Handlinga er medrivande og språket godt, så eg vil absolutt anbefala boka – men som sagt, start med forløparen!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: