Trash

Tittel:  Trash

Forfattar:  Mulligan, Andy

Sider:  217

Forlag:  Aschehoug

År:  2011

”Slumdog Millionaire møter Robin Hood” skriv forlaget …

Raphael og vennene hans lever liva sine på ein diger søppelplass i utkanten av ein storby.  Gutane tilhøyrer dei fattigaste av dei fattige, som kvar dag trålar bosshaugane på leit etter noko av verdi som kan brukast eller seljast for nokre slantar.

Draumen er sjølvsagt å finna noko i avfallet frå dei rike – noko som kan snu opp-ned på livet og gje ei betre framtid.

Så skjer nettopp det – ein av gutane finn ei veske med ein nøkkel, eit id-kort og eit brev.  Ein enorm politiaksjon på søppelplassen får gutane til å forstå at dette er eit spesielt funn, og så tar historia av!

Gutane vil prøva å løysa mysteriet på eiga hand, og med kløkt, mot og dristigheit går dei laus på oppgåva.  Håpet er sjølvsagt draumen om belønning og eit betre liv, og gjennom handlinga får lesaren innblikk i eit korrupt og urettferdig samfunn, der eit menneskeliv er lite verdt.

Me får innblikk i eit samfunn fjernt frå vår velstand og våre trivielle ”problem», og midt oppi elendet finst her håp, solidaritet og varme.

Dette høyrest kanskje ut som ei tung og mørk bok, men sånn er det slett ikkje!  I tillegg til å vera spennande, er boka usentimental og til tider humorisk – og nokså lettlest!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: