GAMER

Har du lett for å bli hekta på spel? Har du spelt World og Warcraft før?
Då kan dette vera boka for deg.

Dei har venta lenge på  pc-spelet War of Faluza. Det er nytt og ekstremt populært. Gjengen samlast og må spela seg opp til level 80, øva seg opp på strategiar og bli gode før dei kan melda seg på og spela om  pengepremiar. Det er store summar å vinna. Dei får minimalt med søvn og mat. Skulen vert heilt nedprioritert. Den faste gjengen spelar heile nettene.  Via  nettet kjem dei i  kontakt med den mystiske og svært spelerfarne Will. Han blir leiar for guildet deira, og dei er eit sterkt lag! Dette kan bli lett-tjente pengar!

Men det går ikkje så bra i første omgang. Dei vert slått av ein tysk gjeng, og misnøyen sprer seg. Dei byrjar å skulde kvarandre for kven som er ansvarleg for tapet. Venskapet vert sett på harde prøvar og skjellsorda haglar.
Hovudpersonen opplever at skumle ting byrjar å skje utanfor speleverda og.  Sjølv vert han  skygga av ein mistenkeleg mann i ein  mørk Volvo. Og han som fekk mest skuld for tapet i War of Faluza, vert angripen og banka opp på veg heim.  Kva skjer? Kven står bak? Kven kan du stole på når det verkeleg gjeld?

Dette er ei sterk og spennande forteljing.
Forfattaren heiter Tor Arve Røssland og har skrive spennande bøker før. Denne er den første eg har lese av han som ikkje er på nynorsk. Eg er svært glad i nynorsk, så eg vart litt skuffa….Men berre nett med ein gong. Eg vart fort oppslukt av spenninga.

Det er ein tynn roman som er veldig  lett å lesa. Boka er dessutan stilig å sjå på : lett å velja!

GOD BOK

Advertisements

Om ragnahelene
Eg er skulebibliotekaren på Øystese gymnas

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: