Frosset øyeblikk

Tittel: Frosset øyeblikk
Forfattar: Camilla Ceder

Sider: 549
Forlag: Bokforlaget
År: 2011

Åke Melkersson skal på jobb for siste gong før han går av med pensjon. På vegen får han biltrøbbel og køyrer innom ein lokal verkstad. Der oppdagar han eit ille tilredd lik, eigaren av verkstaden. Gøteborgspolitiet byrjar straks å etterforske saka, men ingen opplagte mistenkte er å finne. Så skjer det eit liknande mord i Borås…
Sidan framgangsmåten er lik, og mordet er utført med samme våpen, er det opplagt at det må vere ein samanheng, men politiet slit med å finne ut kva denne samanhengen er.

Eg syns denne boka fungerte bra. Den har eit godt samansett mysterium, med nokre interessante uventa vendingar. Hovudetterforskar Christian Tell er litt for lik mange andre middelaldrande, mannlege etterforskarar, men elles likte eg boka godt. Han kom seg forresten også undervegs. Eg likte at dei forskjellige stemmene fekk komme fram. For meg personleg var det My sin historie som var favorittdelen.

Det største irritasjonsmomentet for meg i denne boka var alle desse etternamna eg måtte halde styr på. Dei aller fleste personane i boka blir omtalt med etternamn, og dei gjekk ærleg talt litt i surr for meg, spesielt politietterforskarane.

Boka er omsett til heilt standard bokmål.

Alt i alt er dette ei god og underhaldande kriminalroman av debutanten Camilla Ceder.

Berre ein liten advarsel. Ikkje les vaskesetelen bakpå boka, iallfall ikkje siste setningen av den, den tar vekk mykje av spenninga.

Advertisements

Om mostraum
Librarian, reader, atheist, blogger, golfer, lesbian, geek.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: