I havet er det krokodiller

Tittel:  I havet er det krokodiller

Forfatter:  Fabio Geda

Sider:  182 s.

Forlag:  Gyldendal

År:  2011

”Jeg hadde faktisk aldri, nei faktisk aldri, trodd at hun virkelig skulle gå fra meg.”

Slik opnar boka om 10 år gamle Enaiatollah, som blir forlatt av mora i ein flyktningleir, og som plutseleg er heilt åleine i verda.  Dei to hadde dratt frå landsbyen i Afghanistan over til leiren i Pakistan, først tre netter til fots over fjella, deretter vidare med lastebil.  Familien tilhøyrde hazaraene, ei mongolsk stamme som Taliban ville utrydda. Faren hadde alt vore død i fleire år – drepen av talibanarar.   Enaiatollah, som var eldste guten i familien,  gledde seg til å reisa på tur med mamma utan syskena, men skjønte ikkje kvifor dei vaksne i landsbyen var alvorlege og ynskte lukke til.  Dei skulle vel snart sjåast igjen?

Så vaknar Enaiatollah i leiren ein morgon utan mora og må forsona seg med tanken på at ho var dratt heim til landsbyen.  Livet som papirlaus flyktning begynte, og lesaren blir med på ei lang og farefull reise.  Frå leiren i Pakistan går turen til Iran, Tyrkia og Hellas før den endar i Italia.  Usentimentalt fortel guten om umenneskelege påkjenningar under flukta.  Her er dramatikk og frykt, men også varme, lojalitet  og vennskap.

Synsvinkelen er hovedpersonen sin, og hendingane er skildra i eit direkte og levande språk, som får oss til å forstå meir enn mange medieoppslag om papirlause flyktningar.

Denne rørande boka er basert på ei sann historie, og gir assosiasjonar til bøkene om Parvana av Deborah Ellis.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: