Krystallslottet

The Glass Castle by Jeannette WallsTittel: Krystallslottet : en selvbiografisk roman.
Originaltittel: The Glass Castle : a memoir
Forfattar: Jeanette Walls

Forlag: Pantagruel
Sider: 300
Først utgitt: 2005
Sjanger: Sjølvbiografisk

Kort oppsummering: Jeannette Walls skriv om korleis det er å vekse opp med far som er intelligent, men også alkoholikar, mor som kunstnerisk, eksentrisk og sikkert litt psykisk ustabil, to søstre og ein bror.

Jeannette sine foreldre gifta seg i 1956. Han var ein kjekk ung offiser i flyvåpenet og ho var ei intelligent, kunstnerisk og lærarutdanna ung dame. Etter bryllaupet forlot Rex flyvåpenet for å kunne ta seg av ein familie. Dette kunne vore starten på eit stabilt liv med barn og gode jobbar, men det gjekk ikkje slik.

Den første halvdelen av oppveksten sin tilbrakte Jeannette og familien i støvete småbyar i dei amerikanske ørkenområda. Familien tilbrakte sjeldan meir enn nokre månader på samme staden. Kvar gong Rex hadde mista jobben og lånt pengar hjå litt for mange folk, så flytta dei. Flyttinga, eller flukta, kom som oftast utan varsel. Rex kalte dei alle eit eventyr og sa at det var for å komme vekk frå FBI som var litt for interesserte i kva han heldt på med. Etterkvart flytta familien til Welch i West-Virginia, og eventyret falma fort for Jeannette.

Familielivet var ei rar blanding av forsømming og omsorg. Basisbehov, inkludert mat og helsetenestar, vart ignorert. Samtidig syns foreldra det var viktig med kunnskap. Dei hadde alltid masse bøker i huset, om mange emne. Alle barna kunne lese og var flinke på skulen, når dei gjekk på skule. Familien var alltid fattig, og vart fattigare ettersom tida gjekk. Pengane gjekk meir til alkohol og kunstutstyr enn til mat og klede.

Etter at dei forlet heimen, dersom ein kan kalle ei halveis nedfallen rønne for ein heim, er det klart at Jeannette og søskena hennar framleis er glade i foreldra sine. Dei er oppgitt over dei, skamfulle over dei, og veldig klar over at det er nødvendig å halde ein viss distanse dersom dei skal greie seg. Men, dei er uansett glade i foreldra.

Denne boka kunne vore full av sjølvmedlidnad, psykologtimar for å finne ut av traumer, og avsky for foreldra som let dei vekse opp under slike forhold. Men, det er den ikkje. Jeannette Walls fortel historien på ein direkte måte og klarar å formidle både magien i Rex sin sjarm og dei stadige tøffare forholda barna veks opp under. Detaljane og tonen endrar seg ettersom Jeannette blir eldre og magien falmar når ho etterkvart forstår meir og meir av kva som eigentleg foregår, men sjølvmedlidnad og beskyldningar får aldri spele nokon stor rolle.

Dette er ei veldig bra bok.

Advertisements

Om mostraum
Librarian, reader, atheist, blogger, golfer, lesbian, geek.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: